Lutefisklogo

 

L U T A F I S K 

(EIT SKJEMTESTEV)

Arne Høyland , november 2004

 

Da va ein mann so reste rundt og selde turka tosk

Bestelle du litt turrfisk vert du spretten so ein frosk

Han kom utifrå Sørfjorden visstnok Valestrand

Og turrfiskkonjen va da me kallte han

 

Turrfisjen vart brukt te å laga lutafisk

Og når dei skulle luta so tok dei injen risk

Dei la han nedi bækkjen , han låg i veker tre

Med da vart fisjen mjuk og god å bala med

 

So skulle fisjen lutast og stellast meira med

Da måte brukast oska før å få da te

Fyrde i to veke med bere bjørkeved

Før å få nok oska te lutinje

 

So kokte dei opp vatn og blanda osko i

Ho mor stakk finjen nedi og telde so te ti

”eg kjende han va sterk nok” kunne ho sei

so let ho fisjen liggja te han va luta lei

 

i fira daga låg han og bada seg i lut

før han var vorten lei og ville krypa ut

so vatna me han ut i ein gamal stamp tå tre

so ga me han eit oppkok og åt han so gele

 

me hadde alltid flatbrød og smør te lutafisk

so drakk me ei brun væska so smakte nåke friskt

og før og ette måltide so song me ein song

me åt på lutafisk te utpå nyåret ein gong.

GÅ TILBAKE TIL OPPSTARTSSIDEN....